Marièl Eikeset Koren

1. kandidat, førehandskumulert. Leiar i MDG Gloppen, Kantor og trusopplærar

Marièl Eikeset Koren (27) kjem frå Sandane og flytte i 2014 attende frå studiar i Trondheim for å gjere Gloppen grønt. Ho er MDG Gloppen sin listetopp, er leiar i lokallaget og sit i fylkesstyret for MDG Sogn og Fjordane. Ho er tilsett i kyrkja i Gloppen som kantor og trusopplærar og har arbeidd som dirigent for Trondhjems Kvinnelige Studentersangforening og som klokkar i Nidaros domkyrkje. Ho sit i styret i Norsk hymnologisk foreining, representantskapet i Stiftinga Nasjonalt Landstadsenter og har tidlegare vore i styret i Nidaros domkor og Syklistenes Landsforbund Trondheim. Ho er brennande engasjert for økologisk berekraft og eit samfunn på naturen sine premissar, der livskvalitet ikkje vert målt i pengar.

- Livskvalitet kan ikkje målast i pengar