Eplerosa

Miljøpartiet Dei Grøne vil gjere Gloppen kommune til den fyrste grøne kommunen i landet. Vi må ta verda sine klima- og miljøutfordringar på alvor, og då må kvar einskild kommune ta sin del av ansvaret. Forholda ligg særs godt til rette i Gloppen for å skape ein kommune som tenkjer grønt og miljøvenleg i alle ledd og i alle prosessar. Målet til MDG er at Gloppen skal verte ein føregangskommune når det gjeld klimasmarte løysingar, bustader, næringsutvikling, sjølvforsyning av mat og straum, og bygge opp eit solid grønt næringsliv med grøne arbeidsplassar. Denne grøne satsinga vil vi gjennomføre ved satsing på følgande punkt:

  • Setje omsynet til naturen fremst – berekraftig ressursbruk
  • Grønt arbeids- og næringsliv
  • Eit bærekraftig landbruk
  • Stimulere til grøne innkjøpsordningar i kommunen
  • Eit breitt og inkluderande kulturliv
  • Gjere Gloppen kommune til ei sykkelbygd
  • Betre kollektivtilbodet
  • Vere sjølvforsynte med straum og varme
  • Samarbeide med skular, barnehagar og næringsliv og strekke ein grøn tråd gjennom alle kommunale prosessar
  • Vere best på busetjing og integrering av flyktningar
  • Miljøvenleg bustadpolitikk