Miljøpartiet Dei Grøne i Gloppen har halde sitt fyrste ordinære årsmøte!

8. februar, 2016

21.01.2016 vart det fyrste ordinære årsmøtet i Miljøpartiet Dei Grøne i Gloppen avholdt. Mykje har skjedd i året som har gått, og laget har fungert godt med sitt vesle interrimstyre med assosierte medlemmar. Likevel var det godt å få på plass eit formelt styre, og for 2016 ser styret i Miljøpartiet Dei Grøne i Gloppen slik ut:

Leiar: Marièl Eikeset Koren

Styremedlemmar: Martin Eikeset Koren, Jørgen Dølvik Husbyn, Arild Reppen og Lars-Bjarte Osland (vara).

 

Vi gler oss til å ta fatt på eit nytt år, og å legge eit godt grunnlag fram mot stortingsvalet i 2017!