Miljøpartiet Dei Grøne inne i kommunestyret i Gloppen!

Fotocredit: NRK

3,5% oppslutnad held til ein plass i kommunestyret for 1. kandidat Marièl Eikeset Koren

15. september, 2015

Resultata etter gårsdagens val syner at Miljøpartiet Dei Grøne for fyrste gong er representert i kommunestyret i Gloppen.

– Dette er veldig gledeleg, seier 1. kandidat Marièl Eikeset Koren. – Eg vil takke alle dei som stemte på oss og no gjer det mogleg å snakke miljøet og den økologiske berekrafta si sak i Gloppen.

Dei Grøne gjer det godt i heile landet, og i fylket er partiet no representert med eitt mandat i fylkestinget, to i Aurland og eitt mandat i Fjaler, Flora, Førde, Gloppen og Årdal. Dette er ei auke på 7 folkevalde frå førre periode.

- Eg vil takke alle dei som stemte på oss og no gjer det mogleg å snakke miljøet og den økologiske berekrafta si sak i Gloppen.