Presentasjon av Marièl i Firda Tidend

Fotocredit: Inger Halldis Lote

Onsdag 26.08 var det vår 1. kandidat Marièl Eikeset Koren sin tur til å verte presentert i Firda Tidend sin føljetong om dei ulike listetoppane i Gloppen.

1. september, 2015

Listetopp for: Miljøpartiet Dei Grøne

Namn: Marièl Eikeset Koren

Alder: 28 år

Bustad: Tystad

Sivil status: Gift og har eitt born

Yrke: Kantor og trusopplærar

Politisk erfaring: Medlem i MDG sidan 2013, men ikkje særleg politisk aktiv før vi skipa lokallag i Gloppen. Har mykje organisasjonserfaring og er eldst av fem syskjen.

Kva meiner du er dei viktigaste sakene for partiet ditt denne valkampen: Overordna meiner eg at omsynet til natur og miljø er ei sak som legg premissane for alle andre saker. På det lokale plan er det å legge til rette for kortreiste varer og tenester, nye grøne arbeidsplassar og gründerverksemd, ein kommune som tek vare på alle sine innbyggarar og legg til rette for best mogleg livskvalitet, og som med opne armar og hjarte kan ta imot alle som vil eller treng å bu i kommunen vår.

Har du ei hjartesak: Ved sidan av å alltid setje omsynet til balansen i naturen fyrst, så er det å sjå moglegheiter framfor begrensingar. Altså legge til rette for at det grøne skiftet i kommunane er noko vi i Gloppen er i forskot av og kan dra nytte av.

Kva er det mest positive med kommunen du bur i? Engasjementet og positiviteten blanda med sunt vestlandsk bondevit. Eg trur det er dette som er suksessoppskrifta bak det blømande kulturlivet, dei gode idrettsresultata, kvaliteten på skular og i barnehagar og den overordna gode livskvaliteten i kommunen.

Kva ville du ha endra på? Eg ville gjort mitt beste for at alle som bur her skulle visst og ropt ut kor bra kommune Gloppen eigentleg er. Etter å ha kome attende frå bylivet trur eg eg ser ein del kvalitetar ved kommunen som ein kanskje vert litt blind på når ein har budd her lenge.

Tykkjer du utviklinga i kommunen har vore god siste periode? No har eg berre budd her eit år enno, så dette er det vanskeleg å gje eit godt kvalifisert svar på, men det slår meg at positiviteten stort sett rår og det tek eg som eit godt teikn.

Kva har partiet ditt mest grunn til å vere nøgd med i siste valperiode: At vi har auka antalet personar som står på lister i lokalvalet med over 200% på landsbasis. Det seier tydeleg frå om at stadig fleire ser kor viktig det er å hente miljøvenleg politikk ned til kommunalt nivå.

Kva skal til for å skape vekst og nye arbeidsplassar i kommunen: Dei arbeidsplassane vi skaper no er dei som skal vere med på å flytte inntektene våre frå oljebaserte næringar til grøne næringar. Her har vi i Gloppen ein kjempefordel og eit kjempepotensiale. Vi har ikkje rota oss bort i denne olja, og har difor ikkje like mykje vi må snu på for å skape grøne arbeidsplassar. Heilt konkret må det finnast næringslokale til nye bedrifter, det må finnast oppstartmidlar å søke om, og ein må legge særskilt til rette for bedrifter som tek omsyn til miljø og klima. Kanskje kan ein få i stand ei fadderordning for dei som startar opp eigne foretak, slik at dei kan hauste erfaringa frå andre som har gått løypa før dei? Her er jo mange flotte bedrifter som det er mykje å lære av i kommunen. No er i tillegg mykje av næringslivet avhengige av god nettforbindelse. Difor er vi heilt nøydde til å tilby godt og stabilt nett til heile kommunen. Då vert med eitt dei store avstandane i fylket og i landet korta inn. Ein må også ha fleire bustader til utleige slik at unge nyutdanna kan tørre å flytte til kommunen og dei nye jobbane utan å måtte gå rett inn i et stort bustadlån.

Kva bør ein gjere for å auke folketalet: Bygge fleire utleigebustader så fleire kan tøre å busetje seg her. I tillegg må ein skjerpe inn bu- og driveplikta slik at det ikkje vert ståande så mange hus ledige som kunne vore nytta til bustader. Har vi i tillegg lagt til rette for gode grøne arbeidsplassar som vil vere i medvind når oljenæringa ikkje lenger er satsingsområde så trur eg stadig fleire vil velge å flytte hit. At Gloppen tek godt vare på innbyggarane sine er ein av dei mest attraktive kvalitetane kommunen har, og det var noko av det som gjorde at vi ville flytte attende.

Kva tykkjer du om kommunesamanslåingsprosessen vi er inne i? Eg er fyrst og fremst imponert over den diplomatiske og tålmodige måten kommuneleiingane har møtt dette på. Det er store ressursar som går med på å utrede og evaluere, og det er nok ei diplomatisk øving. Vidare tykkjer eg det er hårreisande at dette er ei reform som er påtvungen ovanfrå, og ikkje er eit resultat av eit reelt behov.

Bør Gloppen stå åleine, eventuelt kven bør vi slå oss saman med? Eg trur Gloppen vil klare seg best åleine. Eg ser heller ikkje ein kommune det ville vere naturleg å slå seg saman med. Og når samanslåinga ikkje er eit resultat av behov, då vert det feil.

Bør staten bruke tvang for å slå saman kommunar: Nei. Det er forkasteleg at ein skal sjå seg nøydde til å slå seg saman av kun den grunn at ein er redde for riset bak speilet.

Ynskjer du søndagsopne butikkar i Gloppen: Nei. Og eg tykkjer det er trist at argumentet om ein «annleisdag» vert ledd vekk av dei som ynskjer det. Eg jobbar sjølv på søndagar og trivst eigentleg godt med det, men det er ingen tvil om at det har innverknad på familieliv. Og når NHO og LO for ein gongs skuld er samde i at dette er eit forslag ein bør la ligge, då tykkjer eg ein skal lytte til dei.

Tiggarar er ikkje uvanleg på Sandane. Kva meiner du om tigging? Eg meiner tigging er ein uting. At nokon ser seg nøydde til å forlate familie og heim for å sitje på gata i eit framand land og motta stygge blikk er forferdeleg. Det er ingen i Noreg som ikkje har råd til å kjøpe eit blad frå dei eller gje dei nokre småpengar. Og om du er så redd for at tjuekroningen din skal gå til organisert kriminalitet så får du heller kjøpe litt mat til dei eller invitere dei heim på middag.

Gloppen har teke imot mange flyktningar siste åra. Kva har partiet ditt gjort for å integrere dei i samfunnet? Vi har ikkje rukke å gjere noko for dei enno, men vi veit kor fantastisk jobb som vert gjort av dei som er tilsette i GoS og andre stader. Difor vil vi sjølvsagt legge til rette for at dei skal få halde fram det gode arbeidet sitt. I tillegg vil vi skape fleire møteplassar mellom innfødde Glopparar og tilflyttarar av alle slag. Innvandrarar som kjem hit bør også få tilgong til dei same fritidstilboda som andre.

Kva har du gjort for miljøet den siste tida? Starta lokallag i MDG og stilt liste til kommunevalet. Å ta vare på miljøet er ikkje noko ein kan overlate til særskild interesserte, men noko ein må legge til rette så alle kan delta i.

Er du for eller imot etablering av cruisekai på Sandane? Mot. Somme hevdar at det er lett å drive som politikar i MDG for vi er imot alt, men sanninga er at det å seie ja til cruisekai er det som er den kortsiktige og enkle løysinga. Ein kan ikkje seie at ein vil legge til rette fyrst og fremst for grøne framtidsretta næringar og så gå inn for noko som er så omstridd med tanke på miljø som det cruiseindustrien er. Då er det betre å bruke pengane og engasjementet på næringar for framtida.

Er du uroa over utviklinga i landbruket i kommunen din og kva kan eventuelt gjerast for å betre vilkåra? Eg er uroa for den nasjonale landbrukspolitikken med satsing på større einingar. Dette får negative innverknader i vår kommune, der det er vanskeleg med omlegging til stor/lausdrift. For å løyse akkurat dette problemet vil MDG samarbeide tett med bondeorganisasjonane for å gjere situasjonen best mogleg for våre bønder.

Korleis vil du jobbe for bru over Anda-Lote? Det vil eg ikkje. Eg vil legge til rette for at vi tek unna trafikken med to elferjer. Vi må ta trafikkutfordringane på alvor, men slik det vert snakka om bru no verkar det om lag som at bru skal løyse alle samfunnsutfordringane våre. Å legge til rette for to ferjer skaper fleire arbeidsplassar på sikt enn det vil vere å bygge bru.

Kva bør skje med kraftstasjonane i Gloppeelva? Dei bør forbli i kommunen (GE) si eige i så stor grad som mogleg, men hovudmålet må vere at dei må rustast opp slik at ein kan halde fram og forbetre drifta ved dei. Dette er fornybar energi, og bør vere eit satsingsområde. Eg trur det vil vere klokt å gje slepp på litt av den kommunale eigarskapen i GE, slik rådmannen tilrår. På den måten vil vi kanskje sleppe å bygge ut andre vassdrag.

Tre gode grunnar til at du bør bli ordførar: Eg er engasjert, freistar å leve som eg preiker, og kjem inn i politikken og bygda med unge friske auge som kan sjå på ting på ein ny måte.

Kva parti ønskjer de å samarbeide med når posisjonane skal fordelast? Dei partia som vi har mest til felles med når det gjeld både politikk og verdiar, og som til gjengjeld vil gje oss størst mogleg høve til gjennomføring av vår eigen politikk. Men uansett korleis dette går så kjem vi til å sørge for at omsynet til klima og miljø vert sett på dagsorden i alle debattar.

FT 26.08