Vi vil gjere Gloppen til ei sykkelbygd for alle

18.august kunne NRK melde at ein av tre foreldre er bekymra for skulevegen. Vidare stod det å lese at dette fører til at fleire køyrer ungane til skule, noko som igjen fører til ein meir utrygg skuleveg for andre.

25. august, 2015

Lesarinnlegg sykkel

Det er god grunn til å tru at tilhøva i bygda vår er betre enn i større byar med meir trafikk, men vi òg har utfordringar. Ein trygg skule- og arbeidsveg er viktig både for dei som alt bur her og for familiar som skal finne seg ein stad å slå seg ned. Vi i Miljøpartiet Dei Grøne i Gloppen vil at innbyggarar i heile kommunen skal kjenne seg trygge og samstundes gjere det mogleg, naturleg og attraktivt å velge sykkelen framfor bil i det daglege.

Vidare er det ei uttalt målsetjing å auke sykkelandelen som transportform. Dette står mellom anna å lese i Nasjonal Sykkelstrategi, utarbeidd av  Statens vegvesen i samarbeid med Helsedirektoratet, Miljøverndepartementet, Syklistenes Landsforening og representantar frå kommunar og fylkeskommunar utpeika av Kommunesektorens organisasjon (KS). Vinsten ved ei auke i sykling (å gå gjer sjølvsagt same nytten) som transportform er:

– Betre helse gjennom regelmessig fysisk aktivitet.

– Betre økonomi grunna betra folkehelse (“Det vil være samfunnsøkonomisk lønnsomt å få flere til å velge sykkel framfor bil på kortere reiser” – Nasjonal sykkelstrategi 2014–2023)

– Betre miljø, både gjennom mindre forureining, og i form av tryggare vegar og sentrumsområde for born og for mjuke trafikantar generelt.

Mykje ligg til rette for mjuke trafikantar i bygda vår. Vegar med relativt lite og roleg trafikk på begge sidene av fjorden gjev gode føresetnadar. Men nokre utfordringar har vi òg, og dei er store nok til å vere hinder for å nå potensialet bygda vår har. Eit slikt hinder er strekninga frå Storebrua til sentrum. Her er det smalt og uoversiktleg i eit område med mange skuleungar, turgåarar og syklistar. Dette vanskelege partiet ligg der som ein flaskehals for trygg ferdsel til og frå sentrum for heile sørsida av fjorden. Det er ei kjend sak at dette er ei vanskeleg vegstrekning, og gode løysingar er ikkje ligg heilt framme i dagen. Det må difor gjerast ein jobb for å finne og kartlegge slike hinder, og for å finne gode løysingar slik at alle kan ferdast trygt til og frå sentrum. Her har Sandane eit potensiale til å vere med inn i ei samferdsleframtid som legg større vekt på mjuke trafikantar og på trivsel i sentrum.

Som eit parti som tek mål av seg å vere på parti med både menneske og natur, ynskjer Miljøpartiet Dei Grøne i Gloppen difor å arbeide hardt med å løyse desse konkrete utfordringane. Vi trur at dei gode løysingane ikkje er langt unna, men at nokon faktisk må ta til orde for at mjuke trafikantar skal verte prioritert i alt planleggingsarbeid, og sjå til at omsynet til gåande og syklande er ein like naturleg del av vegplanene som for bil. Slik vil Miljøpartiet Dei Grøne gjere Gloppen grønt og til ei sykkelbygd for alle.

 

Av Arild Reppen, Miljøpartiet Dei Grøne Gloppen

 

Lesarinnlegg i Firda Tidend måndag 24.08.2015